Nasjonalparkar for kystområda

Dei norske nasjonalparkane ligg alle i fjellområde, men når det gjeld kystnaturen i Midt Noreg med sine spesielle landskap og naturområde, vekslinga mellom fjord og fjell, rik fuglefauna, botaniske verdiar og kystregnskog, så er det i dag berre verna lommar av naturen, og ikkje større område.

Det er viktig å gjennomføre tiltak som kan sikre varig vern av større delar av også denne naturtypen, før det er for seint. Ei form for nasjonalpark kan vera eit naturleg val.

I Lov om naturvern står det: «§ 3. For å bevare større urørte eller i det vesentlige urørte eller egenartede eller vakre naturområder kan arealer av statens grunn legges ut som nasjonalpark.»

Fordei det er lite att av store, samanhengande INON-område langs kysten i Midt Noreg, er det vanskeleg å sjå for seg nasjonalpark i tradisjonell forstand med «større urørte naturområde».

Ein kan likevel sjå for seg verneområde som dekkar eit stort områd, og som inneheld små og store felt av inngrepsfri natur og område med lite inngrep, som blir sett i samanheng som eitt verneområde, tilsvarande vernet i ein nasjonalpark.

Ein må i tilfelle ha ei verneforskrift som både regulerer kva som skjer i naturområda, men som også legg ein del restriksjonar for område med busetjing og næring innafor ein slik «Kystnasjonalpark».

I denne samanhengen må ein også leggja opp ein plan for å reversere eksisterande inngrep i verneområdet. Det kan f.eks dreie seg om å leggja om kraftliner o.l.

Aktuelle område

Det er fleire område som kan vera aktuelle, og som eksempel vil vi nemne to område i Trøndelag, som ut i frå INON-område og område med lite inngrep er interessante å vurdere som utgangspunkt for slike «Kystnasjonalparkar»:

Området rundt Osen og Roan i Sør Trøndelag, kombinert med Flatanger og til dels Namdalseid i Nord Trøndelag har viktige naturmessige kvalitetar og mange større INON-felt, slik at dette er eit område som bør bli vurdert i som aktuelt for verneområde av nasjonalpark-liknande karakter. Delar av området har ubrutt INON-området frå fjord til fjell.

Området rundt Snillfjord, Agdenes, Hemne og nordlege del av Orkdal (mellom anna Grytdalen) har tilsvarande viktige naturmessige kvalitetar og store innslag av INON-felt. Også her kan ein her finne INON-område som går «ubrutt frå fjord til fjell».

Det hastar

Det er eit stort trykk på dei gjenverande INON-områda langs kysten av Trøndelag, alt frå hyttebygging, vegbygging, næringsdrift og ikkje minst utbygging av vindkraft og småkraft. Det hastar difor å gjennomføre etablering av slike større «kyst-nasjonalparkar» før det er for seint. I begge dei to områda vi har nemnd er det omfattande planar for vindkraft, og desse planane ligg også inne i forslag til fylkesdelplan vindkraft for Sør Trøndelag.